Undervisningsstilling ved Halhjem barneskule
Org.nr.:844458312 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 60% fast og 40% vikariat som kontaktlærar på 1. trinn skuleåret 21/22
Halhjem barneskule ligg i Halhjemsmarka, sør på Ossida i Bjørnafjorden kommune. Skulen vil ha omlag 100 elevar på 1.- 4.trinn og 16 tilsette skuleåret 2021/22
Skulen har naturen tett på, og ligg nær Søre Neset idrettsplass med fotballbanar, skatepark og sandvolleyballbane. Målet for skulen er at det skal vere ein stad for utvikling og vekst, og at barn og vaksne skal ha eit miljø for trivsel, tryggleik og læring.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad Halhjem barneskule
Arbeidsoppgåver Kontaktlæraransvar på 1. trinn. Det er 32 elevar på trinnet, med to kontaktlærarar.
Kvalifikasjonar Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar Vi ønsker at søkar har spesialpedagogisk kompetanse og erfaring. Det er også eit pluss at søkare har god kompetanse i matematikkfaget. Vi ser etter ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell, og som er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi treng medarbeidarar som også:
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Søkarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , André Sæthre, Mobil +47 400 43 230, Epost: ands@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?