Er du vår nye miljøarbeidar?
Avdeling for flyktningar og tenesteutvikling søkjer ny medarbeidar i 100 % mellombels stilling.
Fjell kommune har dei sista åra trappa opp arbeidet med å ta i mot og busetje flyktningar. Kommunen har etablert eit kraftsenter for inkludering. Fleire helsetenester, vaksenopplæringa og avdeling for flyktningar og tenesteutvikling er no lokalisert nært i saman, og arbeidar integrert rundt oppfylgingsarbeidet.
Avdelinga for flyktningar og tenesteutvikling søkjer etter ein medarbeidar frå snarast og fram til 31.12.2019. Du skal arbeide med prosjektet kvardagsintegrering. Eldre flyktningar deltek i dag i liten grad i seniortilbodet i kommunen og prosjektet handlar om aktivitetsretta innsatsar for denne gruppa.
Hovudoppgåver
- Prosjektstillinga inneber aktivitetsretta tiltak til seniorflyktningar
- Stillinga skal drifte eigne tiltak i lokala i Kraftsenteret, t.d. sy, strikke, matlaging o.a.
- Arbeide for å få målgruppa integrert i ordinære seniortiltak i kommunen
- Samarbeid med psykolog for eldre
- Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vi tilbyr
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Treningsavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
Generell informasjon
Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linken <<SØK HER>>.
Pålogging og førhandsutfylling
Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.
Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.
Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.
Søknadsfrist
11.03.2019
Om bedriften
Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.