Lærar Vik skule, 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4200616226 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling for lærar ved Vik skule frå 01.08.2020. Vi har også ledig 100 % vikariat for lærar i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021. Det kan verte ledige stillingar utover dette. Utlysinga vert gjort med atterhald om frigjering av stillingar og eventuelle interne rokeringar.
Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Arbeidsstad
Vik skule er ein 7-delt barneskule som ligg 3 km frå Sykkylven sentrum. Skulen har i dag 136 elevar og det er 20 tilsette i personalgruppa. Det er tilsett undervisningsinspektør og skulen har eiga skulefritidsordning.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Kvalifikasjonar
Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning på barnetrinnet.
Skulen har behov for fagkompetanse i skulefaga norsk, matematikk og engelsk. Skulen har også stort behov for spesialpedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement:
- Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- Gode forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Kontaktinformasjon
Knut Orre, Einingsleiar/ rektor, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Vik skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4200616226
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.