Stillingar ved skulen i øyriket Solund, heilt vest i Noreg
Stillingsannonsen er inaktiv.Solund kommune
6924 Hardbakke
Org.nr.: 964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Vi har ledig
- inntil 100 % fast undervisningsstilling.
- fagarbeidar til SFO og/eller på barnetrinnet
Inneverande skuleår har vi hatt fokus på fagfornyinga og planlegginga for kommande skuleår legg vi vekt på tidleg innsats, overgangar, tverrfaglege prosjekt og bruk av lokalmiljøet. Veker med digital heimeundervisning, på TEAMS, har gjeve oss erfaringar som vi vil utvikle vidare. Vi har ressurs knytt til digital pedagog som er ei god støtte i dette arbeidet. Vidare set skulen av ressursar til arbeid med tidleg innsats, programmering, Ungt entreprenørskap og skal delta i lektor2-programmet frå august 2020.
Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg.
Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 80 elevar lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og assistentar. Lærarane arbeider i team og utviklar skulen i fellesskap. Nytt skulebygg er under planlegging.
Ved SFO er det 11 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.
Arbeidsoppgåver
- Vi treng først og fremst kroppsøvingslærar.
- Om du har kompetanse eller erfaring med å undervise i musikk og/eller valfaget tysk vil det vere bra. Dette gjeld også undervisning i grunnleggande norsk for minioritetar.
- I eit framtidig perspektiv treng skulen lærar med undervisningskompetanse på 1.- 7. trinn og då med prioritet på 1.-4.trinn.
- Du må vere fleksibel og villeg til å ta på deg oppgåver som dukkar opp undervegs og delta i arbeider med å finne fram til berekraftige løysingar i skulekvardagen.
Kvalifikasjonar
Til undervisningsstillinga:
-
har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
-
har fag i fagkretsen som skulen har behov for
-
søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning
Til fagarbeidestillinga
-
er utdanna fagarbeidar
-
det er ei føremon å kunne arabisk
Personlege eigenskapar
- har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
- vil vere med og utvikle miljø for lærelyst og læringsutbytte
- likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
- ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
- har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar
- tek ei utfordring på strak arm
- har lyst å vere del av eit lite samfunn
- har evna til å bygge relasjonar
Vi tilbyr
- Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Redusert undervisningstid vert følgt opp med mentor og rettleiing.
- Rekrutteringstiltak
- Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
- Verte del av eit lærargruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar
- Små og kjekke elevgrupper
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Solund kommune
Adresse
6924 Hardbakke
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Folketalet aukar og vi er no om lag 830 innbyggjarar. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nye omsorgsbustadar, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. I løpet av 2019 vil om lag 90% av innbyggjarane ha tilgang til breiband.
Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 10. juni 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2517339dep140891_Solund kommune_stepstone
Stillingsnummer: 81cd5a93-b34d-42b3-9fb0-c01c30dd1367