Driftsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4193905139 Presentasjon av stillingen:
Driftsleiar 100% fast stilling i Alver kyrkjelege fellesråd
I samband med samanslåing av tre kommunar og fellesråd vert det no oppretta ei ny stilling som driftsleiar. Alver kyrkjelege fellesråd har ansvar for drift og vedlikehald av 25 gravplassar, fleire driftsbygg, 14 kyrkjebygg og eitt kontorbygg. Arbeidet som driftsleiar er variert. Mykje av arbeidsdagen vert praktisk arbeid ute på gravplassane våre.
Fellesrådet skal på vegne av kommunen forvalta gravplassane og kyrkjebygga på ein god måte for alle innbyggjarane. Driftseininga består av 6-7 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- I samarbeid med medarbeidarane dine, prioritera og fordela arbeidsoppgåvene. Utarbeiding av arbeidsplanar og vere næraste personalansvarleg.
- Deltaking i leiargruppa for fellesrådet etter behov.
- Det vert forventa at driftsleiar i stor grad tek del i alle praktiske arbeidsoppåver som fell under driftseininga. T.d: vedlikehald og gartnararbeid på gravplassane, graving av graver, vedlikehald av maskiner og utstyr og vedlikehaldsoppgåver på bygg
- Vere rådgjevar for dei tilsette med tekniske løysingar.
- I samarbeid med kyrkjeverja setja opp budsjett og økonomiplanar på sitt område.
Driftsleiar har ansvar for:
- Drift og vedlikehald av alle gravplassar i kommunen. Gravplassane representerer store og verdfulle parkanlegg i kommunen, og skal forvaltast godt.
- At arbeidet og rutinane i gravplassdrifta følgjer lokale vedtekter, lov og forskrift.
- At alle som kjem til gravplassen vert møtt på ein god og verdig måte, uavhengig av ulike livssyn.
- Drift av alle bygga som fellesrådet forvaltar og følgja opp vedlikehald av desse. T.d. jamnleg kontroll av bygg og anlegg, registrera vedlikehaldsbehov.
- Vedlikehald av driftsmateriell
- Hovudansvar for brannvern.
- Det kan bli endringar i oppgåver i samband med organisasjonsendringar
Kvalifikasjoner
- Utdanning; fagbrev eller høgare utdanning, med erfaring frå: Anleggsgartnarfaget, bygg og anlegg eller andre relevante tekniske fag. Relevant yrkeserfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Erfaring frå gravplassforvaltinga, park og bygningsforvalting/bygningsvern vil bli vektlagt.
- Har førarkort klasse BE med tilhengarsertifikat. Ønskjeleg med maskinførarbevis, eventuelt vere villig til å tileigne seg dette.
- Erfaring med arbeidsleiing
- At ein er personleg egna vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga
- Den som vert tilsett må være medlem i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale innanfor rammene av avtaleverket for kyrkjeleg sektor (KA sitt avtaleområde). Pensjonsordning i KLP. Det er 6 mnd. prøvetid i stillinga.
Oppmøtestaden for den nye driftsleiaren vil vere i Knarvik, men den tilsette vil ha arbeidsoppåver i heile Alver kommune.
Kontaktinformasjon
John Fredrik Wallace, kyrkjeverje i Alver, 48284872
Audun Sylta, sakshandsamar, 90195179
Arbeidsstad
Lonsvegen 1
5914 Isdalstø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Alver Kirkelig fellesråd
Referansenr.:4193905139
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
null