Fastlege
Frå 01.07.2022 har vi ledig heimel for fastlege.
Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar, der 9 av desse pr i dag er ferdige spesialister i almennmedisin. I tillegg har vi LIS 1 lege.
Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal nattlegevakt med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.Arbeidsoppgåver
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
- Listestorleik på 800. Denne kan utvidast og det er god pasienttilgang
- Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
- Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin
- Søkjarar som er under eller vil starte utdanning til spesialist i allmennmedisin er også velkomne til å søkje.
- Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort
Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5
Personlege eigenskapar
Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.
Ved tilsetting må du kunne legge fram ny politiattest.
Vi tilbyr
Vi tilbyr praksis ved eit stort legesenter med sterk fagleg kompetanse og godt kollegialt felleskap. Legesenteret er attraktivt og vi har godt renomme i området.
Vi har om søkt sentralt tilskot for næringsdrivande ALIS og kan tilby ALIS-avtale. Kommunen har godkjent utdanningsplan etter ny ordning og vi har vegleiar som er kursa for dette.
Listestorleik og kommunal stilling kan endrast etter avtale.
Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.
Kontaktinformasjon
Michael Dahl, Dagleg leiar ved Ulstein legesenter, 70018989Norunn Kirkebø Elde, Kommuneoverlege, 92802357
Arbeidsstad
Sjøgata 36065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommuneReferansenr.:4453945320
Stillingsprosent: 100%
Anna
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.