Helsesjukepleiar 100% prosjektstilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Ved helsestasjonstenesta i Kvinnherad er det for tida 8 helsesjukepleiarstillingar, i tillegg til 2 jordmorstillingar knytt til helsestasjonen.
Vi har ledig eit års 100% prosjektstilling som helsesjukepleiar, med plan om å starta opp 01.08.20.
Prosjektet er retta mot styrking av skulehelsetenesta.
Nærare informasjon om stillinga:
Kvinnherad kommune har søkt om og fått tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet til styrking av skulehelsetenesta.
Prosjektet omhandlar å styrka 1-2 barneskular i kommunen, der tida helsesjukepleiar er tilgjengeleg blir auka.
Målsettinga er å auke opp helsesjukepleiarbemanning på alle skular i kommunen, og arbeidsstad blir primært ute i dei aktuelle skulane.
Ei viktig målsetting med prosjektet er å bidra til eit systemretta samarbeid mellom skule og skulehelsetenesta, samt implementere nasjonale føringar for tenesta.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga vil være nært knytt til "Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og
førebyggande arbeidet i helsestasjonen, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom":
- Førebyggjande og helsefremmande arbeid mot barn og unge i skulehelsetenesta i utvalte barneskular i kommunen.
- Systemretta og strukturert arbeid.
- Tverrfagleg samarbeid med skular og andre hjelpeinstansar.
- Samtalar med born og unge
- Råd og rettleiing til foreldre
- Gruppetilbod
- Vaksinasjonar
- Delta i ansvarsgrupper
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter medarbeidar med helsesjukepleiarutdanning, men offentleg godkjent sjukepleiar med relevant erfaring kan og søkja stillinga. Det er ei føremon med erfaring frå liknande arbeid.
Personlege eigenskaper
Det blir lagt vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar som;
- At ein kan arbeide sjølvstendig og at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom.
- Gode norskkunnskapar og god på kommunikasjon
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til fleksbilitet og endringsvilje og kunne takle uforutsette situasjonar
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om gyldig politiattest.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Faglege utfordringar
Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
Løn etter kvalifikasjonar
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar på Husnestunet på Husnes.