ID 1772 Undervisningstilling(-ar) -- Stord vaksenopplæring
Det er ledig ein, mogleg to 100 % faste stillingar som lærar ved Stord Vaksenopplæring For båe stillingane er undervisninga innanfor områda norsk, samfunnskunnskap for framandspråklege og grunnskulefag for vaksne. Deler av denne undervisninga kan verta lagt til ettermiddag- og kveldstid.
For den eine stillinga er det ønskjeleg med tilsetting snarast, den andre gjeld frå 01.01.22.
Kvalifikasjonskrav:
- Godkjent lærarutdanning med norsk som andrespråk
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Dersom søkjar ønskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Nærare opplysningar hos rektor Steinar Rosset på Vaksenopplæringa på tlf. 90128267
Søknadsfrist: 07.11.21