Helsesekretær
Stillingsannonsen er inaktiv.Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Vi har ledig 100 % vikariat som helsesekretær fra d.d til 31.12.2023.
DPS Kristiansund poliklinikk har 54,5 stillingar og er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk. 8,2 av desse er helsesekretærar. Poliklinikken gir utgreiings- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi og tilbyr oppfølging til pårørande.
Vi har eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Vi ber om at attester og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjon
- Journalskriving
- Registrering i pasientsystem
- Andre administrative arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesekretær, men også anna relevant utdanning og/ eller erfaring kan vurderast
- Erfaring som helsesekretær vert vektlagt
- Ønskeleg med gode datakunnskapar
- Kjennskap til systema Doculive og MyWay2pas er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, imøtekommande og serviceinnstilt
- Du er nøyaktig og strukturert
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er nytenkande og endringsorientert
- Du må meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne medarbeidarar
- Internundervisning og moglegheit for etter- og vidareutdanning
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein inkluderande arbeidsplass.
Kontaktinformasjon
Lindsay Frostad, Teamkoordinator MT, 99364407Jørgen Lægreid, Konst. seksjonsleiar, 92 84 90 56 , Jorgen.Legreid@helse-mr.no
Arbeidssted
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4613753931
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.02.2023
Sluttdato: 31.12.2023
Søknadsfrist: 26.02.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Helsesekretær
Antall stillinger
1
Oppstart
15. februar 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 27. februar 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: ab45fee843784aa3a3812072f05db92f
Stillingsnummer: 817820d9-4955-45ff-87cb-da2d3755f9b5