Prosessrettleiar "Øygarden modellen" 100% mellombels - NAV Øygarden
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
NAV Øygarden søkjer ein lagspelar i prosjektgruppa som skal leie gruppeprosessar på ulike nivå. Du blir ein viktig bidragsytar og sparringspartnar i utviklingsarbeidet mot ny metodikk og prosess til bruk i NAV.
Ønsker du å vere innovativ? Skaper du tillit hos dei rundt deg? Likar du å ha mange ballar i lufta samstundes? Ønsker du å vere ein del av eit spanande utviklingsmiljø? Då kan du være den vi ser etter.
Prosjektet Øygarden-modellen er i gang med å utvikle og dokumentere ein ny kunnskapsbasert metodikk og arbeidsprosess. Metodikken og verktøya som skal utviklast skal forbetre teneste frå NAV, og leveransar hittil blir brukt til gruppeoppfølging av ungdom, intern kompetanseheving og i tverrfagleg samhandling. Prosjektet har starta samarbeid med kontor i andre nordiske land for å kome fram til felles forståing av utfordringsbildet for ungdom i Norden.
Arbeidsoppgåver:
- Gjennomføring av grupperettleiing på ungdom og tilsette ved kontoret
- Koordinere deltaking i grupper
- Utvikle rettleiingsmetodikk
- Gi opplæring i teknisk løysing og metodikk
- Utprøve, teste og utvikle digitalt verktøy i samarbeid med ekstern leverandør
- Administrere og organisere pågåande nordisk tenketank
- Evaluering og dokumentasjon av effekt
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Minimum bachelor innan sosial/helse/samfunnsvitskap/psykologi. Dette inkluderer også arbeids- og organisasjonspsykologi eller åtferdsvitskapleg studie
- Erfaring med rettleiing, coaching eller tilsvarande
- Erfaring frå eller gode kvalitetar innanfor grupperettleiing
- Erfaring med å snakke for store forsamlingar eller vere trygg på dette
- God digital kompetanse og erfaring med å ta i bruk nye digitale verktøy og medium på ein kreativ måte
Ønskjeleg med:
- Kjennskap til eller interesse for grafisk design og at ein er nysgjerrig på e-læring og video
- Erfaring frå prosjektarbeid
- Erfaring frå samarbeid med private aktørar eller erfaring frå private verksemder
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidseigenskapar, nysgjerrig, fleksibel, gode problemløysingsevne, løysings- og endringsdriven
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.
Anna:
Det er 2 tilsette i prosjektet pr. i dag. Ein av prosjektmedarbeidarane går over i ei anna stilling, og vi har difor ledig mellombels stilling i perioden 01.09.21 -- 31.08.22 med moglegheit til forlenging i eit år.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kari Mette Fedje, Mobil +47 93423727
Om bedriften
NAV Øygarden er det nye NAV-kontoret i Øygarden kommune. NAV har framleis lokasjonar i Rong og Skogsvåg, men hovudkontoret vårt vil være sentralt på Straume. Vi har ca 70 tilsette, nokre kommunale og nokre statlege tilsette. NAV Øygarden er ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling med høge krav til service og det å yte gode tenester til innbyggjarane.