Rådgivar landbruk og bygdeutvikling (2.gongs utlysing)
Vi søkjer etter rådgivar landbruk og bygdeutvikling
Frå 2020 får fylkeskommunen som følge av regionreforma eit utvida ansvar for utvikling av landbruk og bygdenæringar i
Møre og Romsdal. Dei regionale tilretteleggingsmidlane for landbruket vert som følgje av regionreforma overført frå
fylkesmannen til fylkeskommunen, og skal forvaltast saman med ordninga tilskot til rekruttering og kompetanseheving i
landbruket. I tillegg skal fylkeskommunen, saman med landbruksnæringa, utarbeide strategiar i eit årleg regionalt
næringsprogram for landbruket, og jobbe med verdiskaping i skogbruket gjennom samarbeidet i Kystskogbruket.
Ikkje minst blir det viktig for fylkeskommunen å kople landbruksoppdraget med andre utviklingsområde. Landbruk har
synergiar både med reiseliv, havbruk, næringsmiddel og andre biologiske produksjonar. Tverrfaglege utviklingsprosjekt
kan skape nye muligheiter for verdiskaping.
For å løyse desse oppgåvene vil fylkeskommunen tilsette ein rådgivar i 100 prosent fast stilling. Rådgivaren vil vere
plassert i regional- og næringsavdelinga, med kontorstad Molde. Stillinga skal løyse forvaltnings- og utviklingsoppgåver
innan både jord og skogbruk, og tema som naturleg heng saman med dette. Regional- og næringsavdelinga har ei
brei portefølje av oppgåver innan nærings- og samfunnsutvikling, og ein tverrfagleg stab med heile fylket som
nedslagsfelt.
Du får jobbe med
- forvaltning av tilskotsordningar som er knytt til landbruksnæringa
- utarbeiding av regionalt næringsprogram for landbruket, i samråd med regionalt partnarskap for landbruket
- planlegging og gjennomføring av utviklingsprosjekt saman med landbruksnæringa
- nettverk for landbruksnæring og forvaltning i fylket og på nasjonalt nivå
- landbrukspolitiske saker
- å kople landbruksområdet til andre fagfelt i fylkeskommunen, og bidra til samarbeidsprosjekt
- prosjekt Kystskogbruket
For å jobbe hos oss må du
- høgare utdanning innan landbruk/bioøkonomi på masternivå eller tilsvarande
- erfaring og nettverk frå fagområdet
- kjennskap til offentleg forvaltning og politikk
- tydeleg munnleg og skriftleg formidlingsevne
- evne til å jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
- ryddig og systematisk arbeidsmåte
Hos oss får du
- eit utviklingsorientert og allsidig fagmiljø
- faglege utfordringar, med fridom i oppgåveløysinga
- gode moglegheiter til fagleg utvikling
- fleksitid
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Regional- og næringsavdelinga arbeider med å utvikle berekraftig verdiskaping, nyetableringar, forsking og utvikling, og
attraktive lokalsamfunn i heile Møre og Romsdal. Avdelinga har tverrfagleg kompetanse, og forvaltar kvart år om lag 150
mill. kroner utviklingstiltak. I løpet av 2020 vil det bli gjennomført ein organisasjonsendringsprosess i Møre og Romsdal
fylkeskommune som m.a. fører til endringar i den administrative organiseringa av regional- og næringsavdelinga.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.