Linjelærar Lege- og sjukepleiarlinja
Vi søkjer etter lærar i 60% stilling til den nye Lege- og sjukepleiarlinja vår frå 1. august 2021.
Læraren som blir tilsett skal få vere med å byggje opp linja, og har stor påverknad på innhaldet.
Lege- og sjukepleiarlinja er for dei som vil studere medisin eller bli sjukepleiar, men som vil ha eit innhaldsrikt pauseår før dei startar. På linja skal dei førebu seg til studiet og få høve til å ta opp fag, og kombinere dette med alt folkehøgskuleåret elles har å by på.
Du må ha gode samarbeidsevner, vere strukturert og ha evne til å koordinere ulike aktivitetar. Ein del avjobben går ut på å planleggje prosjekt og ekskursjonar, gjerne i samarbeid med eksterne aktørar. Planlegging og gjennomføring av tre veker lang linjetur.
Til stillinga ligg også sosialpedagogisk arbeid (tilsynsordning).
For meir informasjon viser vi til https://bomlo.fhs.no/linjer/lege-og-sykepleierlinja/
Om bedriften
Bømlo Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg på øya Bømlo i Sunnhordland. Skulen har ein kapasitet på rundt 100 elevar og har elevar frå heile landet.