Furuhaugane omsorgssenter: 3 sjukepleiarstillingar fast
Om teneste og stilling
3 x 100 % fast sjukepleiarar stilling til flexiteam
Vi er på jakt etter deg som synast det er spennande å jobbe på ulike arbeidsplassar. Flora kommune skal rekruttere tre nye sjukepleiarar i 100% faste stillingar til flexiteam der målet er å betre kontinuiteten og den faglege kompetansen ved korttidsfråvær og redusere vikar innleige. Mot at ein må belage seg på å jobbe på tvers av avdelingane vil ein motta ein kompensasjon på kr. 20.000 i året.
Ein vil ha fast forutsigbar turnus, men det vil variere frå vakt til vakt på kva avdeling du skal jobbe. Furuhaugane har to avdelingar, ei langtids- og ei korttidsavdeling. To sjukepleiarar vert tilsett på langtidsavdeling avd. B og ein på korttidseining avd. C. Som sjukepleiar blir du tilsett i eit spennande team og får god opplæring og oppfølging som ny tilsett.
Vi søker deg som:
- er fleksibel og løysingsorientert.
- likar nye og varierande arbeidsoppgåver.
- trivast i ulike arbeidsmiljø.
- har gode samarbeidsevner.
Vi kan tilby
- eit spennande og lærerikt fagmiljø
- kreativt og godt arbeidsmiljø
- gode lønnsvilkår grunna kompensasjon
- internundervisning og etisk refleksjonsgruppe
- årsturnus
- fagforum for høgskuleutdanna
Anna
Ved tilsetting må det leggast fram politiattest.
Sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i 2019/2020 kan også søkje. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Rita Landro mob. 989 07 752.
Om bedriften
Flora kommune