Helgestilling
Har du lyst å jobbe på ein kjekk sjukeheim i eit positivt og engasjert arbeidsmiljø? Då vil me gjerne bli kjent med deg!
Suldal sjukeheim har ledig helgestilling f.o.m. 01.09.19.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Stillingane er i turnus med arbeid 2 av 6 helger.
Ved intern tilsetjing/omrokkering kan du få tilbod om anna stilling.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid
Språk
Søkjaren må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Generelt/Søknad sendast
Sjukeheimen ligg i kommunesenteret Sand, og har 37 plassar.
Demensavdelinga har 20 langtidsplassar, kor 4 er avsett til eldre personar med langtidspsykiatriske plagar.
Somatisk avdeling har 17 plassar, delt mellom langtid, korttid, avlastning og øyeblikkeleg hjelp.
Me har eigen sjukeheimslege, og tett samarbeid med helseavdeling, heimetenester, bestillarkontor og andre.
Kommunen har starta omlegging av teneste, med blandt anna utbygging av eige demens-senter innan nokre år. Dette vil føre med seg ei omplassering av ein del tilsette.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Frå 01.01.2017 skal alt personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller er dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. Vidar til helse- og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4 a-
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.