Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse
Org. nr: - Stillingsident: 4402326142 Presentasjon av stillingen:
Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehehandling (TSB) har vi ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar innan rus og/eller psykisk helse. Stillinga er ledig for tiltreding frå medio august 2021.
Stord DPS er eit av fire distriktspsykiatriske senter i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Senteret har døgnavdeling og poliklinikk. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes.
Stord DPS er organisert saman med BUP Stord under felles leiing. Poliklinikken er inndelt i 4 team, 2 allmennteam, TSB-team og FACT-team. Ved poliklinikken er det 28 fagstillingar.
TSB skal sikre rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggarane, der vurderingar er basert på høg kompetanse, og der tiltak er prega av tverrfaglighet og aktivt samarbeid både internt og eksternt. Frå hausten 2020 er vårt ansvarsområde knytta til LAR pasientar utvida. Teamet består av overlege, psykologspesialist, sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.
Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS, som m.a. omfattar større grad av integrerte forløp med samtidige tenester på fleire nivå, som samarbeid med IPS-jobbspesialist, felles behandlingsløp med Haugaland A-senter og utviding av gruppetilbod. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.
Stord DPS ligg på Stord som har 18.000 innbyggjarar, eigen flyplass med avgangar til Oslo kvar dag. Norges nest største by, Bergen, når du med offentleg transport på 2 timar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant
- Samarbeid med Interkommunal legevakt, førstelinjetenesta, NAV og andre samarbeidspartar
- Oppfølging inkludert utdeling av LAR-medikament
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med spesialutdanning innan rus og/eller psykisk helse.
Utdanningsretning
- Sjukepleie videreutdanning
- Sosionom
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagt
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, Seksjonsleiar SDPS/BUP, 93241877, havard.wester.breistein@helse-fonna.no
Randi Sævareid Gerhardsen, Funksjonsleiar TSB SDPS, 922 17 860, randi.sevareid.gerhardsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4402326142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2021
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.