Ynskjer du å jobbe i helse- og omsorgssektoren?
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
Torget 1, 3570 Ål
Har du ledig kapasitet og ynskjer du å jobbe i helse og omsorgssektoren i Ål kommune?
Vi har stadig behov for personar som ynskjer å jobbe i helse- og omsorgssektoren. Er du interessert i ekstravakter, midlertidig stilling, fast stilling eller helgestilling?
Det er fordel om du er under utdanning eller har arbeidserfaring innan helse- og omsorgtenestene, men det er ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du må vere sjølvstendig, like kontakt med menneske, og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, - både skriftleg og munnleg.
Du kan vise interesse ved å søkje på denne utlysinga. Dersom du ønskjer å jobbe i ei konkret avdeling ber vi deg oppgi dette i søknaden.
Om oss
Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Me har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Dei fleste tenestene er samlokalisert saman med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester.
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse- og omsorgstenesten vise fram godkjent politiattest som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ei stilling som er av interesse, må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga sjølv om du tidligare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad i denne utlysinga.
Send søknad:
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".
Vitnemål og attestar bør lastast inn elektronisk. Dokumentasjonen er ein svært viktig del av søkjargrunnlaget og tilsettingsprosessen, men er også avgjerande dokumentasjon for fastsetjing av løn.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.
Kontaktpersonar ved dei ulike avdelingane:
- Ål legekontor og Hallingdal legevakt: Anne Ingeborg Hefte
- Avdeling Tunet: Marit Øen Li
- Avdeling Stugu: Tone Fossgård Berg
- Avdeling Heimetenesta: Marie Louise Skråmestø
- Avdeling Miljøterapitenesta: Marianne Tretterud Skarpås og Kristina Johansson
- Avdeling Meistring: Live Magnetun
- Familiens hus Ingeborg Frydenlund
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
Adresse
Torget 1, 3570 Ål
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. januar 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3004905_222597_nn
Stillingsnummer: 80943db8-e189-41d2-a4b6-3d334b1d891c