100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: 180200 Stillingsident: 4095169205 Presentasjon av stillingen:
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, PBU har som oppgåve å gje eit samla, heilskapleg og tverrfagleg spesialisttilbod til barn og unge med psykiske lidingar. Klinikken har eit budsjett på 187 millionar kronar og om lag 320 tilsette. Vi held til ved Haukeland universitetssjukehus med døgnpostar, konsulentteneste, spesialpoliklinikkar og ambulante tenester. I tillegg har klinikken desentraliserte poliklinikkar som er spreidde rundt i opptaksområdet til Helse Bergen. Klinikken har god bemanning innanfor dei aktuelle yrkesgruppene og spesialitetane.
Stillinga er ledig ved Barneposten. Stillinga er knytt til barn/føresette som er innlagde i sjukehus. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gjev tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. Barneposten er ein 5 døgnsavdeling med plass til 6 barn i alderen 0 ¿ 13 år. Det er ein korttidsavdeling med hovudvekt på utgreiing, observasjon og utprøving av behandlingstiltak i forhold til barnet og til dels familie, skule/barnehage. Arbeidstid er turnus med 2 kveldar pr. veke samt kvar 4 helg på akuttpost for barn og unge.
Vi søkjer ein erfaren og engasjert sjukepleiar/vernepleiar til ein spennande og triveleg arbeidsplass.
Ønskjer du å bruke dine kunnskapar til å prege utviklinga av eit spesialisttilbod til barn og unge med psykiske lidingar? Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredstillande politiattest (vandel) jmf. Lov om helsepersonell § 20A.
Arbeidsoppgåver
- Ved klinikken arbeider vi i eit breitt fagleg team av sjukepleiar, førskolelærar, barnevernspedagogar, vernepleiarar, psykologar, psykiatrar og lærar. Som miljøterapeut vil du vere med i team som utgreiar/observerer/kartlegg og eventuelt behandlar pasientar som er tilvist sengeposten frå poliklinikkane i PBU.
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Sjukepleiar/ vernepleiar må ha norsk autorisasjon
- Erfaring med familiearbeid, COS-P, EFST
- Søkjarar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Vere ein god teamarbeidar
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Siri Larsen, Seksjonsleiar, 55974446
Robert Lie, Ass. avdelingsleiar, 55974450
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4095169205
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 04.11.2019
Søknadsfrist: 01.09.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.