Barnehagelærar - Ulsåk barnehage
I Ulsåk barnehage har vi frå 01.01.2021 ledig:
- 300 % vikariat som barnehagelærar frå 01.01.2021 til 15.08.2021.
- moglegheit for ledig vikariat som fagarbeidar/assistent
Utlysinga vil også gjelde eventuelle andre vikariat som fagarbeidar/assistent som kan verta ledige i Ulsåk barnehage frå 01.01.2021.
Ulsåk barnehage har 6 avdelingar og ligg saman med Ulsåk skule, 1. - 4. trinn.
Barnehaga er inne i eit utviklingsprosjekt som skal skape eit godt psykososialt barnehagemiljø som heiter "Være sammen", og deltek i pulje 4 i "Inkluderande barnehage- og skulemiljø", eit prosjekt i regi av utdanningsdirektoratet, saman med skulane i bygda. Barnehaga har eit stort uteområde og gode turmogelegheiter.
Vi søkjer etter deg som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter barn og forsette på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har gode norskkunnskapar og beherskar språket
Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og vere løysingsorienterte og reflekterte.
Krav til kompetanse:
Det er eit krav om barnehagelærarutdanning for stillingane. Søkjarar som er under utdanning eller som ikkje fyller kompetansekravet vil kunne vurderast å tilsettast på dispensasjon.
Erfaring frå arbeid med barn- og unge og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det er eit krav om godkjent politiattest ved tilsetjing i denne stillinga.
Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar!
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.