Personleg assistent - vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4429748898 Presentasjon av stillingen:
Vi søker personleg assistent til ei ung dame med funksjonsnedsetting. Ho bruker rullestol og har eigen bil. Stillinga er eit sjukevikariat på 41%, gjeldande frå dags dato og til førebels ut året.
Arbeidsoppgåver
Praktisk og personleg hjelp til brukar. Arbeidsoppgåvene er til dømes hjelp i bustaden og å vere følgeperson til forskjellige aktivitetar utanfor heimen.
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeider eller assistent. Stillinga kan også passe for skuleelevar eller studentar som ønsker ein ekstrajobb.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er omgjengeleg og hyggeleg, og som likar å jobbe med menneske. Du må vere fleksibel, flink med folk og helst ha førarkort for personbil
Vi tilbyr
Løn etter tariff, vaktordning på kveld kl. 17 - 21 mandag, onsdag og torsdag og tredje kvar helg.
Kontaktinformasjon
Heidi Strand, Einingsleiar 1, 98230640
Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter
6065 ULSTEINVIK
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse- og omsorgsetaten
Referansenr.:4429748898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.09.2021
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.