Midsund kommune, Gjerdet barnehage søker pedagogisk leiar frå 1. oktober 2019
Kvalifikasjoner:
- Tør å sleppe seg laus i leik med barn
- Liker at det skjer mykje, held hovudet kaldt og hjartet varmt
- Evne til å leie, faglegge og reflektere saman med personalet
- Sjølvstendig, tydeleg og strukturert
- Evne til å jobbe i team og sjå heile barnehagen som eit hus
- God fysisk helse
- Gode kommunikasjonseigenskapar
Hos oss kan vi tilby:
- Stor andel barnehagelærarar i personalgruppa
- Etterutdanningsprogram i samarbeid med DMMH for pedagoggruppa 2019/2020
- Kr 20 000,- i tillegg til garantilønn
- Kr 27 000,- i tillegg som pedagogisk leiar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
- Barnehageplass for eigne barn
For meir informasjon kontakt einingsleiar Birgitta Hole, tlf. 41 21 42 49. Midsund kommune har eige søknadsskjema som ligg på kommunen si heimeside. Søknad med CV sendast Midsund kommune, postmottak@midsund.kommune.no. Gyldig politiattest må framleggast ved oppstart.
Søknadsfrist 1. september 2019
Om bedriften
Barnehagen har 72 plassar og 5 aldersdelte grupper som er organisert med både kjernetid og fellestid. Vi arbeider i tråd med lyttande pedagogikk og bruker smågrupper og prosjektarbeid. Faglegging, pedagogisk dokumentasjon og refleksjon blant personalet er med å utvikle kvaliteten i barnehagen. Vi ligg naturskjønt til og fysisk aktivitet og å gi barna utfordringar er viktig for oss. Vi har turområde rett utanfor gjerdet, både til fjøre, skog og mark. Vi ligg også sentrumsnært og i nærleiken til idrettsanlegg, bibliotek og skule.