Spennande jobb med tilrettelegging for ungdom i vidaregåande utdanning
Ingress
Er du interessert i å tilrettelegge og tilpasse opplæringa for ungdom i vidaregåande utdanning? Då er stillinga som tilretteleggingsleiar ved Ål vgs den rette for deg!
Om skulen
Ål vgs er ein kombinert skule med vekt på yrkesfag og har 250 elevplassar fordelt på 17 klassar. Skulen er opptatt av å setje elevane i sentrum. Tilsette engasjerer seg for å vere inkluderande, ha gode relasjonar til alle og arbeide mot målet om å skape ein god skule for alle. Meir informasjon finn du på www.al.vgs.no
Om stillinga
Stillinga som tilretteleggingsleiar er ei kombinert stilling. Den inneheld 1) tilrettelegging for einskildelevar (med og utan IOP), 2) tilrettelegging for kombinasjonsklassen (ungdommar med kort butid i Norge), 3) mellomleiaroppgåver som personalansvar for assistentar og spesialpedagogisk personale og eit avgrensa økonomisk ansvar og 4) undervisning. Tilretteleggingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Tilrettelegging for elevar med enkeltvedtak
- Tilrettelegging for elevar som treng justering av opplæringa for å fullføre vgs
- Oppfylging av IOP
- Koordinering av kombinasjonsklassen
- Samarbeid med ulike hjelpeinstansar, føresette, lærarar m.fl.
- Mellomleiaroppgåver (t.d. personalansvar)
- Undervisning
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Undervisningskompetanse
- Spesialpedagogisk kompetanse. (Ynskt, men ikkje eit krav.)
- Migrasjonspedagogisk kompetanse. (Ynskt, men ikkje eit krav.)
- Leiarutdanning/-erfaring. (Ynskt, men ikkje eit krav.)
- Anna relevant utdanning. (T.d. coaching, rådgiving, karriererettleiing.)
- Erfaring frå vidaregåande opplæring vil vere ein fordel
- Beherskar norsk, munnleg og skriftleg
- Gode personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar:
- Evne til å skape eit godt samarbeidsklima
- Evne til å kommunisere godt og bygge gode relasjoner
- God til å sjå mogelegheiter og arbeide løysningsorientert
- Har eit positivt elevsyn og evne til å sjå ungdomar sine behov
- Har pågangsmot og godt humør
Me kan tilby:
- Ein spennande læringsarena med mange mogelegheiter
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og framoverlente kollegaer
- Flotte ungdommar
- Pulserande arbeidsdagar. (Tida går fort ved Ål vgs!)
Tilsettingsvilkår:
Løn og arbeidsvilkår i tråd med det til ei kvar tid gjeldande lov- og avtaleverk. For tilsetting i skulen og tannhelsetenesta krevst at gyldig politiattest av nyare dato vart lagt fram før tilsetting, jf. Opplæringslova og Helsepersonellova.
Anna:
Me gjer merksam på at søkar kan bli gjort offentleg, sjølv om vedkomande har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. I slike tilfelle blir søkar varsla og får høve til å trekke søknaden. Aktuelle kandidatar blir kontakta for intervju. Til intervjuet ber me deg ta med kopi av vitnemål og attestar/originale dokument. Det vert tatt forbehald om endringar i tilsettingsbehovet fram til tilsetting skjer. Me ynskjer mangfald i fylkeskommunen og oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller nasjonalitet. Du søker elektronisk på våre stillingar.
Om bedriften
Buskerud fylkeskommune har ansvar for viktige samfunnsoppgaver som videregående opplæring, samferdsel, tannhelsetjenester, regional planlegging, kultur og kulturminnevern. Fylkeskommunen har over 2350 ansatte, og er en politisk styrt organisasjon med fylkestinget som øverste folkevalgte organ.
Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommuner blir til Viken fylkeskommune 1.januar 2020. Vi blir landets mest folkerike fylkeskommune med 1,2 millioner innbyggere. Med over 10 000 ansatte får vi sterke og kompetente fagmiljø på fylkeskommunens områder.