Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat Bu- og habilitering
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune
Bu og habilitering Nord
Omtale av stillinga
Bu- og habilitering har 2 ledige 100 % vikariat som vernepleiar/sjukepleiar frå 15.08.20 - 31.05.21.
Stillingane inneber turnusarbeid.
Vi søkjer
Etter personar med 3- årig høgskuleutdanning innan vernepleie/sjukepleie.
Personar som søkjer må ha sertifikat på bil.
Personlege eigenskapar
Må kunna ta fagansvar og bidra til fagutvikling i gruppa.
Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
Ha gode evner til kommunikasjon.
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre.
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Adresse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 15. april 2020
Hentet fra: Kvinnherad kommune
Referanse: jobb.kvinnherad.kommune.no/recruitment/opening?3766
Stillingsnummer: 7fc38cb0-929c-461a-b0c8-f1756517f506