Ledige vikarstilling som fastlege ved Skjåk legesenter
Skjåk kommune har ledig ei vikarstilling som fastlege frå 01.09.2020 til 01.09.2021. Fastlegeheimelen har for tida, i tillegg til ansvar for om lag 700 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale.
Krav til kompetanse
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført norsk turnusteneste
- Gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
- Gode kommunikasjonsevner
- Det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
- Søkjar må ha førarkort
- Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigneskapar
- Politiattest ikkje eldre enn 3 månader
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- Pensjonsordning i KLP
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 4829412, eller konstituert kommunalsjef for helse og omsorg Inger Helene Brandsar, 90123165.
Søknadsfrist 16.08.2020
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.