Helsesekretær
AiR klinikk har ledig stilling som helsesekretær i inntil 80% stilling.
AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Klinikken er, saman med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as. Senteret er difor ein unik, nasjonal institusjon i spesialisthelsetenesta.
Stillinga som helsesekretær inneber mellom anna kontakt med innsøkjarar (fastlegar, NAV m.fl.), deltakarar og tilsette i klinikk. Det er ulike oppgåver knytt til søknadsbehandling, journalarbeid, registrering, romtildeling, rapportering med meir.
Stillinga er ei av fire stillingar som helsesekretær ved institusjonen.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesekretær er ynskeleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Yte god service
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar som samarbeidsevne, fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner vil bli vektlagt
AiR tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, løn etter avtale, gode pensjons- og person forsikringsordningar og kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein unik, landsdekkande institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg 800 m.o.h i Rauland, i fagre omgjevnadar. AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet. Dette har vore hovudverksemda sidan starten i 1986.