Vil du jobbe i ein spennande, fagleg utfordrande avdeling med både sengepost og overvaking?
Org. nr: 12345 Stillingsident: 4243576171 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du spennande arbeid ved Lungeavdelinga?
Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i ei av Noregs største Lungeavdelingar?
Lungeavdelinga har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig to faste stillingar i 100% som sjukepleiar. 80% av stillinga er pt. knytt til Lungeavdelinga medan 20% er knytt til Bemanningssenteret. Stillinga ved Lungeavdelinga har årsarbeidsplan, 3-delt turnus. Arbeid pt. kvar 3. helg.
Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 1 har totalt 16 sengeplassar fordelt på to grupper; 8 overvakingssenger ved respiratorisk overvakingseining (ROE) og 8 lungemedisinske senger. Vi har hovudgruppa av pasientar har KOLS, respirasjonssvikt og infeksjonssjukdomar. Vi behandlar pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt med non-invasiv eller invasiv ventilasjonsstøtte. Her får ein som sjukepleiar møte kritisk sjuke pasientar (m.a maskebehandling med BiPAP, respiratoravvenning hos pasientar med tracheostomi og respiratorisk palliasjon).
ROE skal vere leiande innan utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Vi samarbeider med andre avdelingar på HUS og andre sjukehus i Noreg, samt primærhelsetenesta om ansvar og oppfølging av pasientar med kronisk respirasjonssvikt og pasientar med heimerespiratorbehandling
Lunge post 3 har 20 sengeplassar fordelt på to team. Eit team med hovudfokus på lungekreft, eit på infeksjonssjukdomar, tuberkulose og KOLS. I tillegg behandlar vi mellom anna pasientar med pneumothorax, cystisk fibrose, lungefibrose og sarkiodose.
Lungeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med høg aktivitet og mange utfordringar for sjukepleiarar. Du lærer sjukepleie og behandling til akutt og kronisk lungesjuke. Avdelinga tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette, internundervising, moglegheit for fagleg fordjuping, medarbeidersamtalar. Vi har eit godt tverrfagleg miljø på avdelinga. Sjukepleietenesta ved avdelinga samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om vidareutdanning i lungesjukepleie (60 st.p).
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved Lungeavdelinga. Ved ekstrabehov ved avdelinga vil du arbeide dei fleste av vaktene her.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte
- Sjukepleiefaglege oppgåver og oppfølging av pasientar og pårørande
- Sjukepleie til pasientar med behov for mekanisk respirasjonsstøtte
- Sjukepleie og behandling av pasientar med akutte og kroniske lungesjukdomar, samt kreftsjuke
- Informasjon, opplæring, rettleiing og støtte til pasientar med kroniske sjukdomar og kreftsjukdom slik at dei best mogleg skal kunne leve med sin sjukdom
- Samarbeid med kommunehelsetenesta i forhold til hjelp og oppfølging ved utskriving
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar og andre helsearbeidarar
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med spesialutdanning/ lungesjukepleiar
- Vi ønskjer deg som har erfaring med lungepasientar, eller ønskjer auka kunnskap om lungepasientar
- Sjukepleiar med overvakingskompetanse er eit ønskje, men ikkje eit krav
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar og har interesse innan feltet lungesjukdom
- Ønskjer deg som er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Godt humør og ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Kurs i respiratorisk overvaking til alle nytilsette
- God opplæring og oppfølging
- Internundervising
- Fagleg høgt nivå
- Vi legg til rette for at tilsette kan ta relevant vidareutdanning (vidareutdanning innan lungemedisin)
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø!
Kontaktinformasjon
Solveig Margrethe Dale, Seksjonsleiar, 97505125
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 55976900
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4243576171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2020
Søknadsfrist: 28.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.