Prosjektkoordinator - Vegdrift nord
INV - Vegdrift nord, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektkoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Avdeling Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Avdelinga har eit beredskapsansvar med vaktordning der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, tunneloppgradering og bru- og kaivedlikehald. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap,
Seksjonen Vegdrift nord søkjer no etter ein dyktig prosjektkoordinator med kontorstad Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til ulike fagfelt innanfor drift av veg.
- Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet.
- Kontaktperson opp mot nasjonale turistvegar.
- Saksbehandling i Elements.
- Oppfølging og registring i behovsprogrammet JIRA.
- Oppfølging av FVD system.
- Oppfølging av HMSreg som er vårt HMS system.
- Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett.
- Vere med i byggjemøter og skrive referat
- Oppfølging av automatisk datafangst for vintermengder
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Du må ha førarkort klasse B.
- Relevant utdanning frå fagskule eller høgare utdanning
- Relevant erfaring, samt gode personlege føresetnader kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring innan fagområdet.
- Det er ein fordel med erfaring frå driftskontraktar, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system.
- Vi er ute etter ein medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.
Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Rune Sverre Sande på telefon; 91887230.
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rune Sverre Sande, leiar, 91887230Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4960050205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Rune Sverre Sande
leiar
91887230
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f2577cd-35cf-4f04-92f0-dec4870b5563
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2dc3267778004e2dae9a297e871c1196
Lignende annonser
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Safe24 Da
Sted
Bergen, Bergen, Vestland
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv
Sted
Sogndal