Jurist - fagdirektør
Jobbnorge ID: 184779
Om avdelinga
Pensjonsavdelinga har det overordna ansvaret for pensjonspolitikken, medrekna arbeidet med pensjonsreforma. Avdelinga har ansvaret for folketrygda sitt pensjonssystem, dei offentlege tenestepensjonsordningane, avtalefesta pensjon, ulike lovfesta tidlegpensjonsordningar, personskadetrygdene og samordningsregelverket. I tillegg har avdelinga ansvaret for folketrygda sine yrkesskadeytingar, forskottering av barnebidrag, juridiske problemstillingar som gjeld folketrygda og internasjonale trygderettslege spørsmål. Ut over dette har avdelinga etatsstyringsansvar for Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn.
Arbeidsoppgåver
Pensjonsfagleg seksjon har det lovtekniske ansvaret for regelverket som høyrer inn under pensjonsavdelinga. Som fagdirektør skal du medverke breitt innanfor seksjonen og avdelinga sitt ansvarsområde. Du skal fremme kunnskapsutvikling, leie prosjekt og vere fagleg rettleiar for andre medarbeidarar. Stillinga kan óg omfatte koordinering av oppgåver på tvers av avdelingar i departementet og eksterne miljø.
Kvalifikasjonar
Vi søker ein medarbeidar med utdanning innan jus på masternivå. Du må ha omfattande erfaring frå eitt eller fleire av seksjonen sine ansvarsområder. Det krevst erfaring frå arbeid med folketrygda sitt yrkesskaderegelverk og andre yrkesskadeordningar som supplerer folketrygda si yrkesskadeordning. Vi vil óg legge vekt på erfaring frå leiing av prosjekt eller sekretariat. I tillegg må du kunne ta ansvar for å leie prosessar og ha interesse for å arbeide i skjeringsfeltet mellom politikk, forvalting og fag.
Vi ser etter ein medarbeidar som raskt set seg inn i nye problemstillingar, er analytisk, jobbar sjølvstendig og som har gode samarbeidsevner. Du må og vere fleksibel og kunne handtere uventa situasjonar og tidspress. Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter er nødvendig.
Vi tilbyr
- eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- brutto årsløn mellom kr 700 000-900 000 avhengig kompetanse og kvalifikasjonar
Generell informasjon
- Arbeids- og sosialdepartementet ønsker å spegle mangfaldet i samfunnet og dra nytte av den enkelte sin samla kompetanse. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av funksjonsevne, alder, kjønn, etnisitet, religion og seksuell orientering.
- Departementet ønsker å realisere regjeringa sine mål relatert til inkluderingsdugnaden, om at minst 5 prosent av dei nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Minst ein av søkarane som opplyser om at dei har redusert funksjonsevne eller hol i CV-en vil bli innkalt til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Departementet legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne.
- Dei som søker, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
- Arbeidsspråket er norsk.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med ekspedisjonssjef Tomas Berg på telefon 979 81 194 eller avdelingsdirektør Biørn Bogstad på telefon 468 28 991.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og tryggleik, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredjedel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 200 tilsette fordelt på seks avdelingar og ei presse- og kommunikasjonseining.