100% fast stilling økonomirådgjevar ved f.t økonomiavdelinga ID 659
Vil du vera økonomirådgjevar i Tokke kommune, p.t. økonomiavdelinga?
Økonomiavdelinga i Tokke kommune har hovudansvar eller delansvar for fagområda knytt til økonomiområda innan kommunal forvaltning.
Me er nå 4 medarbeidarar på økonomiavdelinga og held til i trivelege lokale på kommunehuset på Dalen. Medarbeidarane på økonomiavdelinga er fleksible og arbeider med fleire av arbeidsoppgåvene på avdelinga.
Med atterhald om kommunestyret si godkjenning har me nå ei ledig heiltidsstilling som økonomirådgjevar. Tilsetjing snarast råd.
Arbeidsoppgåver
Som økonomirådgjevar skal du arbeide med fleire av arbeidsoppgåvene på avdelinga, men i fyrste omgang hovudsakleg innan lønsområdet og fagprogram som høyrer til dette. I tillegg rådgjevar for etatane. Du må vera budd på endringar i arbeidsområdet.
Kvalifikasjonar
Du må ha høgare utdanning innanfor økonomiske fag eller lang praksis innan faget og kunnskap om offentleg forvaltning. Relevant praksis og kjennskap til kommunal forvaltning er ein føremon. Me ber søkjaren dokumentere utdanning og praksis og opplyse om referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar. Søkjaren må vera tale- og skrivefør og lydhøyr. Me søkjer ein tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar og er serviceinnstilt. Han eller ho må vera godlynt og arbeide godt så vel åleine som i lag med andre. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Me tilbyr
gode kollegaer
gode kommunale arbeidsvilkår
løn etter kvalifikasjonar og avtale
god pensjonsordning i KLP
Generelle opplysningar
Fleire opplysningar om kommunen finn du på www.tokke.kommune.no .
Søknadsfrist og søkjemåte
Søknaden skal sendast elektronisk saman med cv gjennom www.tokke.kommune.no . Søknadsskjema må fyllast ut fullstendig. Kontaktinformasjon Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje økonomisjef Tjøstov Djuve, tlf. 91840562 eller e-post: tjostov.djuve@tokke.kommune.no - eller rådmann John Kleiv tlf. 47468921.
Søknadsfrist er 27.april 2020.
Om bedriften
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen. Tokke kommune er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eit av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule som er kåra til ein av dei beste vidaregåande skulane i landet.