Er du sjukepleiar og på jakt etter sommarjobb?
Stillingsannonsen er inaktiv.Sjukepleiar - Stord
Tysevegen 64, 5416 Stord
Vi har ledig sommarvikariat for sjukepleiarar med oppstart juni 2023
Trivst du godt med akuttmedisin? Har du lyst å arbeide med kirurgiske pasientar, eller trivst du best med medisinske utfordringar? Kanskje du liker å jobbe med ulike fagområder og pasientar? Liker du å ha varierte arbeidsdagar og ein uforutsigbarhet i det forutsigbare? Då har vi jobben for deg!
I Helse Fonna jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; god pasientomsorg, praktiske prosedyrar, utgreiing, dokumentasjon, avansert pleie og behandling, team- og tverrfagleg samarbeid
Skriv i søknaden kvar du ønskjer å jobbe (i prioritert rekkefølge). Dette vil bli tatt omsyn til så langt det er mogleg.
- Akuttmottak
- Kirurgisk sengepost
- Medisin 3
- Medisin 4
- Medisinsk poliklinikk
Kandidatar som kan jobbe store deler av sommaren vil bli prioritert.
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Stillingsstorleik etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Du får nytte dei kunnskapane som ligg i sjukepleiarfaget
- Observasjon, behandling, stell og pleie
- Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar
- Håndtera medisinsk teknisk utstyr
- Samhandling med primærhelsetjenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert og serviceinnstilt
- Du er sjølvstendig og har stå-på-vilje
- Du er god på kommunikasjon
- Du er ivrig og lærevillig
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Opplæringsvakter
- Gode støttefunksjoner
- Varierte oppgaver
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marita Våge, Funksjonsleiar - medisinsk poliklinikkAnne Marte Skålevik, Funksjonsleiar - rehabilitering, 98625269
Trude Digernes, Funksjonsleiar - Medisin, 53491110
Halvor Jordåen, Funksjonsleiar - Kirurgisk
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar - medisin, 91727832
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4608105430
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sjukepleiar - Stord
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar - Stord
Antall stillinger
10
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. juni 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 2989bc0d84834662b7f47a28ff2b3b90
Stillingsnummer: 7f10abf7-7cc6-4333-8feb-2880c7fd889c