Miljørettleiar
Arbeidsoppgaver
- Rådgjeving og rettleiing av enkeltelevar og grupper
- Samarbeid om og oppfølginga av skule- heim samarbeid
- Medverke til å utvikle og oppretthalde eit trygt og godt skulemiljø
- Delta og utvikle miljø- og trivselsteam
- Bidra i og til utvikling av eit tettare systematisk tverrfagleg/etatleg samarbeid for "barnets beste"
- Andre oppgåver i skule og sfo kan bli aktuelle
Kvalifikasjoner (overskrift)
- Helse og sosialfagleg universitetsutdanning; barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom
- Erfaring frå traumebevisst omsorg er ønskjeleg
- Tilsetting er betinga av godkjend politiattest
Miljørettleiaren på Valle skule:
- Er ein person som ser mogelegheiter, er sjølvstendig, fleksibel og systematisk
- Er ein person som ser positive eigenskapar i alle barn og leiter etter behova bak åtferden
- Er ein lagspelar som er engasjert i arbeidet i å utvikle "laget kring barnet"
- Kan møte og stå i utfordrande og krevjande situasjonar- er roleg
Valle skule tilbyr vår nye miljørettleiar eit heilt nytt fagsamarbeid på skulen. Du vil møte eit kollegium med høg fagkompetanse, som er endringsviljuge og som er svært stolte av skulen, elevane og arbeidsplassen. Dine nye kolleger er positive, engasjerte, fleksible og vil det beste for våre elevar kvar dag. Miljørettleiaren får høve til å arbeid i alle avdelingar/møte barn i alle aldre.
Skulen skal vidareutvikle trivsel - og miljøteam og følge opp eit meir systematisk tverretaleg samarbeid i tråd med ny "Heilskapleg plan for oppvekst" Miljørettleiaren vil få ein sentral rolle i dette arbeidet.
Løn og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Marit Jaabæk Brokke, rektor, 99169862Arbeidssted
Valle skule4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommuneReferansenr.:4549403831
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2022
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/