Fast stilling og vikariat som sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4105171112 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 1 fast stilling i 95% og fleire vikariat i ulike storleikar. Vikariata er av ulik lengde inntil 1 års varigheit, med evt. høve til forlenging. Grunna at fleire av våre kollegaer startar på vidareutdanning og andre har søkt permisjon/redusert stilling, samt at Helse Førde har tildelt Akuttmottak meir ressursar, er det ledig omlag 6,7 årsverk.
Stillingane er i 3 delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Det kan bli endring i vakttyper.
Oppstart: snarast eller etter avtale.
Akuttmottak er ein hektisk og spennande arbeidsplass. Avdelinga tek imot øyeblikkeleg hjelp pasientar til innlegging, og pasientar som skal til poliklinikk på kveld, natt og helg.
Det er ønskjeleg at søkjarane har lang og brei erfaring. Erfaring frå arbeid i Akuttmottak er ein fordel, men ikkje naudsynt. Dersom interne søkjarar vert tildelt delar av fast stilling, kan evt. anna stillingsstorleik bli ledig. Skriv kva stillingsstorleik du ønskjer i søknaden.
Oppgje 2 referansar i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Mottak av ØH innlagte og polikliniske pasientar.
- Triage av pasientar (SATS)
- Utføring av sjukepleieprosedyrar (venekanyle, blodgass, katerisering, EKG m.m)
- Assistere kollegar
- Deltaking i hjertestans og traumeteam
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, med lang og god erfaring og helst med erfaring frå Akuttmottak.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell).
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- På jobb er du positiv, oppfinnsam og løysingsorientert. Godt humør er eit pluss.
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Tom Ole Dyrstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 008
Arbeidsstad
Førde sentralsjukehus
6807 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4105171112
Stillingsprosent: 95%
Søknadsfrist: 16.08.2019
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.