Helsefagarbeidar 70% stilling - Rosendalstunet bu og rehabil
Omtale av stillinga
Rosendalstunet bu og rehebiliterings senter, lokalisert i Rosendal, er ein instirtusjon for eldre og menneske som treng pleie og opptrening i ulike livsfasar.
Institusjoner var ny i Februar 2018 med seks avdelingar, - 60 plassar. Institusjonen er bygd med det siste innan velferdsteknologiske løysingar.
Vi har ledig fast stilling som helsefagarbeidar/ omsorgsarbeidar/ hjelpepleiar.
Stillingsprosenten er 70% fast tilsetjing i turnus dag/ kveld, med arbeid minimun kvar 3. helg.
Det er for stillinga krav om at politiattest ikkje eldre enn tre mnd vert førevist.
Vi søkjer
Helsefagarbeidar/ omsorgsarbeidar/ hjelpepleiar i 70 % fast stilling
For stillinga er det krav om norsk autorisasjon for helsepersonell.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som helsefagarbeidar/ omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar.
Det må førevisast politiattst med dato ikkje eldre enn tre mnd.
Alle som vert tilsette må ta KS kurset for nytilsette i Kvinnherad kommune
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.