Vil du leie eit stort og framtidsretta sjukehusapotek?
Org. nr: Haukeland Sykehusapotek Stillingsident: 4242372665 Presentasjon av stillingen:
Vi søker ny toppleiar til Sjukehusapoteket i Bergen, som kan utvikle apoteket vidare saman med kompetente medarbeidarar. Innføring av moderne IKT-løysingar, automatisering, legemiddelberedskap og nye tenester er viktige stikkord for arbeidet framover.
Apoteket har samla om lag 120 årsverk og har sin hovudaktivitet knytt til levering av legemiddel, farmasøytiske tenester og produksjonstenester til sjukehus og publikumsutsal som dekkar funksjonar for Helse Bergen og Haraldsplass diakonale sykehus.
Sjukehusapoteket i Bergen er ein del av Sjukehusapoteka Vest HF, som leverandør av farmasifagleg spisskompetanse til helsetenesta både lokalt og i regionen. Stillinga inngår i føretaket si leiargruppe og rapporterer til administrerande direktør.
Arbeidsoppgåver
- Øvste leiar for apoteket med administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling
- Oppfølging og vidareutvikling av samarbeidet med Helse Bergen og Haraldsplass diakonale sykehus
- Ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda.
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek
- Du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek
- Du arbeidar strukturert og likar å skape gode resultat gjennom å motivere andre
- Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande leiarstilling i ein organisasjon med positiv utvikling
- Stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Berit Berntsen, HR og org.direktør, 48162688
Jon Bolstad, Administrerende Direktør, 93243152
Arbeidsstad
Jonas Liesvei 65
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sjukehusapoteka Vest
Referansenr.:4242372665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2020
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no