Økonomisjef
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4343478050 Presentasjon av stillingen:
Vi gjer merksam på at søknadsfristen er utvida tom onsdag 10.mars 2021
Vestre Slidre kommune har frå august 2021 ledig stilling som økonomisjef i kommunen, då vår noverande økonomisjef går av med pensjon.
Vi søkjer etter ein økonomisjef med relevant utdanning og erfaring, samt gode samarbeids - og kommunikasjonsferdigheiter.
Stillinga er ei 100 % fast stilling, og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Økonomisjef har personalansvar for tilsette i økonomiavdelinga
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver:
- Økonomiplan og rekneskap
- Utarbeiding av budsjett og økonomiplan
- Oppfølging av drifts - og investeringsbudsjett i samarbeid med
kommunalområda, herunder deltaking i årsavslutning av rekneskapen og utarbeiding av årsmelding - Økonomiske analyser og tertialrapport
- Finansforvaltning
- Førebu saker for politisk behandling
- Innkjøp
Andre oppgåver:
- Næringsfond og legat
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå økonomisjefen sine interesser eller
arbeidsgjevar sitt behov - Det er eit utstrakt interkommunalt samarbeid i Valdres-regionen, og økonomisjefen sit i økonomileiarforumet i Valdres, samt i innkjøps - og forsikringsforumet.
Tenestemålet i kommunen er nynorsk
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå med formalkompetanse innan økonomi
- Solid erfaring frå arbeid med budsjett og rekneskap
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å vera ein tydeleg økonomisjef
- Gode evne til samarbeid, kommunikasjon og gjennomføring
- Sjølvstendig og strukturert
- Stabil og fleksibel
- Utviklingsorientert
Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø, spanande utfordringar og stor variasjon og breidde i arbeidsoppgåver.
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Martin Sæbu, Kommunedirektør, 95208137, Martin.Sebu@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4343478050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 10.03.2021
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.