Me søker etter miljøterapeutar i faste stillinger (100%) til tiltak i Øvre Årdal og Hafslotun
Som miljøterapeut vil du arbeida i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer. Med veiledning frå Fagkonsulent i fagteamet.
Me søker deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonane dine:
- VSjukepleier eller Vernepleiar.
- Personar med anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning vert også oppmoda om å søka.
- Vidareutdanning innan psykisk helsevern, miljøterapi eller liknande er eit føremonn.
- Kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
- Kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande.
- Erfaring frå arbeid med menneske i krevjande fasar i livet.
- Komplementære ferdigheiter innan friluftsliv, idrett, musikk, handverk etc.
- Førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
- Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
- Ansvarsbevisst.
- Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
- Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
- Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
- Fleksibel og godt humør.
- Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
- Av oppdraga si art oppfordrast menn til å søke.
Me tilbyr:
- 100% faste stillingar (miljøterapeutar i medlevarturnus)
- Veileding frå Fagkonsulent i tett samarbeid med Spesialisthelsetjeneste
- Eigne opplærings- og rettleiingsprogram.
- Arbeidsmiljø med engasjerte kollegaar.
- Medlevarturnus
- Konkurransedyktige vilkår.
- Gode mogelegheiter for personleg utvikling.
Me krev godkjend politiattest i henhold til gjeldande lovverk. Dei som vert tilsett må etterleva Ecura sine verdigrunnlag i arbeidet og har eit sterkt ynskje om å utgjera ein skilnad for arbeidsgjevarar, tenestemottakarar og deira pårørande.