Grunnstillingar Politibetjent 3/2/1 - Vest politidistrikt - Driftseining Hordaland - Tenesteeining Kvam, Fusa og Tysnes
I Vest politidistrikt, for tida driftseining Hordaland er det ledig fleire faste stillingar som politibetjent 3 SKO 1462 i tenesteeining Kvam, Fusa og Tysnes. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar som politibetjent 3 eller ved internt opprykk, vil det bli ledig stillingar som politibetjent 2/1 SKO 1460/1458. Stillingane er kombinert etterforsking- og ordensteneste.
Politipatruljen skal førebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet i tillegg til å gje publikum service, hjelp og vern når situasjonen krev det. I patruljetenesta vil politiarbeid på staden (PPS) vere ein sentral arbeidsmetode som bind saman politioperativt arbeid med etterforsking og førebyggjing. Patruljetenesta blir organisert som døgnkontinuerleg vakt- og beredskapsteneste.
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarane må kunne nytte både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og
personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Då må stadfesta attestar og vitnemål takast med. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Kombinert etterforsking- og ordensteneste
- Vakt og beredskap i turnusteneste etter dei til ei kvar tid gjeldande tenestelister
- Oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Førebyggjande arbeid
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3, ev. politibetjent 2
- Søkjar må være IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- God munnleg og skriftleg framføring
- Relevant erfaring og anna kompetanse/utdanning blir vektlagt
- For nokon av stillingane vil interesse frå digitalt politiarbeid og/eller erfaring frå etterforsking av SO-saker/vald i nære relasjoner vere ein fordel
- Gode datakunnskapar og kjennskap til politiet sine system er ein fordel
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel
- Fleksibel med omsyn til arbeidsplass og oppgåver
- Vere tilpassingsdyktig, lojal og pliktoppfyllande
- Ha engasjement og interesse for fagfeltet, og god forståing for politirolla
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1, SKO 1462/1460/1458 frå ltr.40/kr. 381 000 til ltr. 58/kr 505 800 brutto per år. Endeleg lønnsplassering avhenger av kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Terje Sperrevik, Tenesteeiningsleiar, 56553510
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201901018
Fast stilling
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4022326739&company_id=3733481084&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.