Sykepleier, helsefagarbeider
Medisinsk sengeområde, hjerte, infeksjon og geriatri, klinikk SNR , Helse Møre og Romsdal HF
6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier, helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Vil du vere med på laget når vi flyttar inn i det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset i april 2025 og bli ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på pasienttryggleik, fagleg utvikling og arbeidsglede?
Der skal vi ha 28 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Har du interesse for, eller ønskjer å lære meir om desse faga, ønskjer vi deg hjarteleg velkommen som vår nye kollega. Vi har fleire ledige stillingar for sjukepleiarar, sjukepleiarar med vidareutdanning i geriatri, helsefagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, med hovudfokus på god pasientbehandling der pasienttryggleik står i sentrum. Vi jobbar no med oppgåvegliding, der helsefagarbeidarar får opplæring i enkelte prosedyrar for å avlaste sjukepleiarane.
Vi legg stor vekt på å ta godt imot nytilsette. Du vil få opplæring og rettleiing av erfarne kollegaer undervegs. I dag er arbeidskvardagen vår prega av godt samarbeid mellom faggruppene, arbeidsglede og godt humør – og dette ønskjer vi å ta med oss vidare når vi flyttar.
Fagdagar er sett inn i turnusen. Turnusen er tredelt, og vi legg til rette for langvakter med arbeid kvar fjerde helg for deg som ønskjer det.
Kom gjerne med ønskje om stillingsstorleik når du søkjer.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Stell, pleie og observasjon
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar
- Legemiddelhandtering
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Vidareutdanning i geriatri er ein fordel
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- Du arbeider både sjølvstendig og i team
- Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du er fagleg engasjert og bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Du er ansvarsbevisst
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, mette.malme@helse-mr.noArbeidsstad
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4892620633
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2808855
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e842c6ef0a674e4aaca78f9a11d7f50d