Helsefagarbeidar - helgestillinger
VIL DU VERE EIN DEL AV VÅRT FLOTTE ARBEIDSFELLESSKAP?
Vi treng fleire dyktige folk på laget!
Avdeling
"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har seks avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås og Alversund /Seim. Avdelingane samarbeider tett. I tillegg har eininga ei avdeling med dagsenter for demente.
Avdeling Ostereidet har base på Ostereidet og gjev tenester til brukarar i "Indre Osterfjorden", både i heimen og på Ostertun som er omsorgsbustad pluss.
Vi har 3 helge stillingar ledig. Arbeid kvar 3 helg.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim i og omsorgsbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetansekrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar.
Vi ønskjer oss ein person som:
- trivst med å arbeida sjølvstendig
- har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
- er løysningsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre
- Det vert stilt krav om politiattest før tilsetting
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Søknad
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg ca 30 min med bil frå Bergen sentrum. Regionsenteret har god kollektivdekning via buss eller snøggbåt.Alver kommune har mål om å vere eit kraftsenter i regionen, og ein viktig samarbeidspart for bykommunen Bergen. Vi treng engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.