Sekretær ved PPT- kontoret
PPT- kontoret i Hå kommune søkjer sekretær i 90% stilling frå 1.september 2019. Vi søkjer ein person som er effektiv, løysningsorientert og god på relasjonsbygging. Personen må snakka og skriva flytande norsk. Personlig egnethet vil verta vektlagt.
Vi held til på Vigre i ein nyrenovert bygning i naturskjønne omgjevnadar. Det er 13 tilsette ved PPT, samt ein person som arbeider med vaksenopplæring.
Arbeidsoppgåver
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene. Dei er blant anna å svara på telefon, arkivering, fakturabehandling, innkjøp, skanna og registrera post, lesa korrektur, samt forefallande kontorarbeid. PPT sitt journalsystem er "Visma flyt PPT" og det vil verta gitt opplæring i dette programmet. Etter kvart skal sekretær vera superbruker av programmet. Arbeidsinstruksen kan tilpassas.
Politiattest
Politiattest nyere enn tre måneder må leveres før oppstart i stillingen.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.
Om bedriften
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!