Seksjonsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4184646298 Presentasjon av stillingen:
Sterilsentral - Molde Sjukehus Avdeling for anestesi og operasjon Kristiansund og Molde, Helse Møre og Romsdal
Seksjon for operasjon og sterilsentral har ledig fast 100 % stilling (37,5 t/uke) som seksjonsleiar med oppstart frå snarast eller etter nærare avtale.
Sterilsentralen er organisert som ein av fem seksjonar i Avdeling for anestesi og operasjon Kristiansund og Molde per i dag. Det pågår no ein omorganiseringsprosess i Helse Møre og Romsdal med overgang til sjukehusvise klinikkar.
Seksjonen har mange dyktige medarbeidera, 3 sterilsentralmedarbeidera, 12 assistentar og 1 portør.
Sterilsentralen leverer utstyr til mange seksjonar på sjukehuset, men operasjon er den største brukaren av sterilt utstyr.
Seksjonsleiar er direkte underlagt avdelingssjef, og vil bli ein del av leiinga ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar vil ha nettverksamarbeid med dei andre sterilsentralane i Helse Møre og Romsdal
- Seksjonsleiar vil ha ansvar for daglig drift og utvikling av sin seksjon i samarbeid med avdelingssjef
- Seksjonsleiar vil også ha ansvar for at seksjonen blir dreve i samsvar med gjeldende lover/forskrifter, interne retningslinjer og innanfor økonomiske rammer
- Seksjonslear kan etter avtale få nye oppgåver i samanheng med omorganisering.
- Personalansvar
- Ansvar for HMS
- Ansvar for FOU-arbeid i seksjonen.
- Helse Møre og Romsdal er i gang med å realisere Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal SNR. I den samanheng vil Operasjonsseksjonane og sterilsentralane i Molde og Kristiansund bli slått saman. Dette kan føre til i endring av arbeidsoppgåver, arbeidstad og funksjon for denne stillinga. Seksjonsleiar vil ha ansvar for at arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standardar og kvalitetskrav som til ein kvar tid gjeld.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med videreutdanning i operasjon
- Videreutdanning som sterilforsyningsansvarlig
- God muntlig og skriftlig fremstillingsevne
- Gode samarbeidsegenskapar
- Kjennskap til relevant IT-verktøy
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Vi legg stor vekt på personleg egnaheit, faglegheit og evne til samarbeid
- Vi ønsker ein leiar som er systematisk, synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Har stor arbeidskapasitet
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Løn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Kirsti Hoemsnes, Seksjonsleiar operasjon Molde, 41298708, kirsti.hoemsnes@helse-mr.no
Gunn Eli Kvalsund, Avdelingssjef, 47751802, gunn.eli.kvalsund@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus Parkveien 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4184646298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal