Spesialpedagog - 100% vikariat på Tuv skule
Org.nr.:964952701 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 100% vikariat som spesialpedagog p.t. Tuv skule. Stillinga er ledig frå 01.08.2021- 31.01.2022, med moglegheit for forlenging.
Stillingane inneheld arbeid med enkeltbarn og barn i grupper som treng ekstra støtte/førebyggande tiltak, deriblant barn med enkeltvedtak. Stillingane inneber tett samarbeid innad i skulen, og med andre instansar som t.d. ppt og helsestasjon. Erfaring med lesekurs og bokstaver er en fordel.
Skulane i Hemsedal I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 183 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 48 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 76 elevar.
Utviklingsarbeid: Alle grunnskulane har vore med i prosjektet Felles Løft i regi av Statped Sørøst der vi har hatt fokus på heilskapleg språk- og leseopplæring samt ordmeistringsmetoden. Dette arbeidet står fortsatt i fokus heilt til alle er trygge på praksis. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og deltek i pulje 4 inkluderande barnehage og skulemiljø, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi er med i eit spennande samarbeid med Veilederkorpset som hjelper oss på ulike nivå etter våre ynskjer og behov. På Tuv og Ulsåk skular har dei aktivitetar med Trivselsleiar.
Vi er i gang med utbygging på Hemsedal barne- og ungdomsskule der vi innan 2023 har bygd på skulen til 1.-10. trinn. Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane.
Vi søkjer etter deg som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- har evne til å inspirere og vise omsorg
- vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
- vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- har engasjement for elevar med spesielle behov
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Skulen kan tilby:
- fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
- eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
- Skooler som læringsplattform
- god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
- kompetanseheving
- kurs i nynorsk
Krav til kompetanse: Det er krav til pedagogisk utdanning på høgskulenivå, helst utdanning innan fagfeltet spesialpedagogikk. Anna relevant kompetanse vil og vurderast. Erfaring med arbeid med barn- og unge og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det er eit krav om godkjent politiattest ved tilsetjing i denne stillinga.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Til informasjon vil søknadene bli behandlet fortløpende og stillingen kan bli besatt før søknadsfristens utløp.
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn.
Velg "Søk her" i menyen til høyre i EasyCruit.
Alle søkere vil få en bekreftelse på e-post om at søknaden er mottatt.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringer i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Cristina Moran Kjølstad, Tlf: 97062828, Mobil 97062828, Epost: cristina.moran.kjolstad@hemsedal.kommune.no
Om bedriften
Hemsedal kommune er en fjellbygd i Hallingdalregionen, med omlag 2500 innbyggere. Kommunen er i stadig vekst og har en spennende reiselivsnæring, et livskraftig landbruk og et rikt og mangfoldig kulturliv. Hemsedal er et møte mellom øst og vest, og er omringet av vakker natur. Det er i overkant av 200 årsverk i kommunen og du vil finne et bredt spekter av stillinger i de ulike sektorene.