Morsmålsassistent- ukrainsk el. russisk og arabisk
Midlertidige stillingar som morsmålsassistentar i ukrainsk el. russisk og arabisk i grunnskulen i Bømlo frå august til 31.12.2022. Stillingsstorleik ca 50 %.
Bømlo kommune skal gje tilbod til barn frå språklege minoritetar i grunnskulen. Barn som ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk for å kunna følgja ordinær undervisning, kan ha behov for tospråkleg opplæring. Det er fleire elevar med slike behov, særleg på Svortland skule og Bremnes ungdomsskule. Kommunen søkjer difor etter morsmålsassistentar med språkkompetanse i ukrainsk el. russisk og arabisk.
Tenestestad vil vera Svortland skule og Bremnes ungdomsskule, i første omgang mest ved Svortland skule.
Arbeidsoppgåver
Grunnskulen i Bømlo vil få fleire minoritetsspråklege elever som skal motta særskilt språkopplæring etter opplæringslova, § 2-8.Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha dokumentert gode norskkunnskapar tilsvarande norsk skriftleg og munnleg på nivå B1 eller høgare.
Relevant utdanning eller arbeid med barn vil vera ein fordel.
For stillinga krev ein:
Godkjent opphaldstillatelse.
Godkjent arbeidstillatelse.
Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. (opplæringslova § 10-9)
Tuberkulinattest, jfr Lovdata (http://lovdata.no, søk etter: Forskrift om tuberkulosekontroll).
Personlege eigenskapar
Bømloskulen søkjer motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.Me tilbyr
- Lønn etter avtaleverket
- Pensjonsordning
- Fagleg oppfølgjing og kompetanseheving.
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, Rektor Svortland skule, 993 86 606Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4552968411
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 31.08.2022
Sluttdato: 31.12.2022
Søknadsfrist: 24.08.2022
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.