Logoped
Vil du vere med på laget vårt?
Det er ledig fast 30 % stilling som logoped i seksjon for kliniske støttefunksjonar ved Kristiansund sjukehus. Stillinga er egna i kombinasjon med anna stilling i f.eks. PP-teneste. Logopeden vil inngå i tverrfagleg behandlingsteam i medisinsk avdeling/ barneavdelinga.
Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, tiltak og behandling av born og vaksne med språk-/talevanskar eller svelgvanskar
- Konsultasjon og rettleiing av pasientar og pårørande
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i logopedi
- Ønskjeleg med relevant jobberfaring frå spesialisthelsetenesta
- Erfaring med kartlegging, rådgjeving og tverrfagleg samarbeid
- Erfaring frå endringsarbeid
- Gode IKT kunnskapar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er trygg på deg sjølv i møte med andre
- Du har evne til å takle høgt tempo
- Du er fleksibel og strukturert
- Du har ein tydeleg, direkte og open kommunikasjon
- Du har evne til å skape gode relasjonar og har god samarbeidsevne
- Du må kunne arbeide effektivt og sjølvstendig
Personlig egnethet for stillingen vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Gudrun Karlsen, Seksjonsleiar, Gudrun.Johannessen.Karlsen@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4520987129
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal