Miljøterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Bustad på prøve, Bømlo kommune
5430 Bremnes
Org. nr: - Stillingsident: 4373877606 Presentasjon av stillingen:
MILJØTERAPEUT I 100 % STILLING VED RUS OG PSYKISK HELSETENESTE FRÅ 01.06.21
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er å delta i brukar sin kvardag med praktisk arbeid og fritidsaktivitetar. Miljøterapeutiske samtaler med kognitiv tilnærming.
Kvalifikasjonar
Du må ha relevant høgskuleutdanning med kompetanse innan målretta miljøarbeid og gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rettleiing.
Det er krav om førarkort klasse B. Du må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter.
Personlege eigenskapar
- Du kan bidra til rehabilitering og endring gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
- Du er ein god rollemodell og som demonstrerer ansvarleg vaksen framferd
- Du kan arbeide sjølvstendig, er samarbeidsvillig og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er i god fysisk og psykisk form
- Du har god samfunnsforståing
Vi tilbyr
- Heildøgnturnus (2-7, 2-7, 2-7, 3-7)
- God opplæring
- Rettleiing
Kontaktinformasjon
Merete Furhovden, Avdelingsleiar, 90913802, merete.furhovden@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
5430
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4373877606
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2021
Sluttdato: 18.01.2023
Søknadsfrist: 23.04.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bustad på prøve, Bømlo kommune
Adresse
5430 Bremnes
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
1. juni 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 23. april 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4373877606_Bustad på prøve, Bømlo kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 7d290806-67cd-442a-be4c-bbbf73958a76