Byggeleiarar bruprosjekt
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Byggeleiarar bruprosjekt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av nye større bruer. Blant anna planlegg vi byggestart på ny Remøybru, Åndalsnes bru, Finnøybrua, Grøtta bru og Juvbrua dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Til prosjektorganisasjonen søker vi inntil to byggeleiarar innanfor bruprosjekt. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, bygging av Nerlandsøybrua, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne prosjekt med ulik størrelse og kompleksitet
- Følgje opp prosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekta innafor definerte mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Bachelor eller master i ingeniørfag. Teknisk fagskole med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ønskeleg.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til stål- og betongkonstruksjonar
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysingsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta
- Sjå behov og ta ansvar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Hallvard Rangnes, Prosjektleder prosjekt bru, 91700579, hallvard.rangnes@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5041737361
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d26af7a-08e0-4219-805d-f36774c169c9
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f59de81a56d4be285a59159a524c4fe
Lignende annonser
Bygg- og eigedomsutvikling - Prosjektleiar byggeprosjekt
Arbeidsgiver
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Anleggsleder bygg og anlegg
Arbeidsgiver
HS
Sted
Møre og Romsdal, Vestland
Prosjektleder/byggeleder
Arbeidsgiver
Advansia
Sted
Kristiansund N