ID 1595 Messinglærar -- Stord kulturskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5411 Stord
Kulturskulen søkjer etter lærar i messinginstrument i 25% fast stilling, frå 01.08.2020. 5 % av stillinga er knytt til aspirant/junioropplæringa i Stord skulekorps. Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 18 000 innbyggjarar.
Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har omlag 750 elevplassar.
Me søkjer etter allsidig messinglærar. Det er ynskjeleg med musikkfagleg utdanning frå høgskule, universitet eller likande, pedagogisk kompetanse og relevant arbeidserfaring. Det forventast gode samarbeidsevner, aktiv deltaking i lærarkollegiet, samt evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
Stillinga kan kombinerast med stillinga som korpsdirigent (ID 1596)
Løns- og arbeidsvilkår
Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Kommunen tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Opplysningar
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor i Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen, tlf. 53496905 / 48043386 eller e-post: anne.jordaen@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Søknadsfrist: 29.05.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Hamnegata 1, 5411 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 10. juni 2020
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6308997-428219
Stillingsnummer: 7d23fd43-d6ab-444c-ac06-2518c71b76bf