UngdomsLOS, 3-årig prosjektstilling - Tiltakseining for barn og unge
Org. nr: - Stillingsident: 4105717977 Presentasjon av stillinga:
PPT, barnevern og helsestasjon er samorganisert i Tiltakseining for barn og unge (TBU).
TBU har einingsleiar og fagleiar for kvart fagområde.
Sula kommune har mottatt tilskot fra BUFdir og starter frå hausten 2019 ei treårig prosjektperiode med sikte på å redusere fråfall i skulen. UngdomsLOS vil vere eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til elevar med bekymringsfullt skulefråver. Målet er å styrke skuletilknytning, trivsel og meistring.
Stillinga blir organisert i fagområdet PPT.
Du kan finne informasjon om LOS-ordningen ved å gå inn på bufdir.no.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av ungdommer og familiar
- Nært samarbeid med skule
- Råd og rettleiing til samarbeidspartar
- Bidra ved gjennomføring av ulike gruppetilbod
Kvalifikasjonar
- Høgskoleutdanning på bachelornivå innan pedagogikk, helse-/sosialfag eller tilsvarande
- Videreutdanning/etterutdanning innan familiearbeid, psykisk helse eller tilsvarende
- Erfaring fra ungdoms- og familiearbeid
- God kjennskap til skoleverket og de ulike kommunale tjenestene
- Den som blir tilsett må disponere bil og kunne nytte fleksitidsordninga til det beste for ungdom og familiar, ved å tilpasse arbeidstid mellom kl. 07 -18.
- Personlege eigenskapar vil bli vurdert særskilt og utgjere ein viktig faktor for tilsettinga
Utdanningsretning
- Pedagogikk
- Medisin/Helse/Sosialfag
- Psykologi
Personlege Eigenskapar
- Du er god til å lytte og likar å vere saman med ungdom
- Du er dyktig til å koordinere og har gode samarbeidsevner
- Du er god på møteleiing, fagleg trygg og sjølvstendig
- Du har god norsk munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Du har sans for humor og uforutsigbare arbeidsdagar
Vi tilbyr
- Eit spanande og motiverande arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar
- Gode ordningar for lån og forsikringar
- God pensjonsordning
- Lønns- og arbeidsvilkår generelt i samsvar med gjeldande lovverk
Kontaktinformasjon
Lindis Akslen, Einingsleiar, 92 64 32 95, lindis.akslen@sula.kommune.no
Synnøve Molvær Vågnes, Fagleiar ppt, synnove.molver.vagnes@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4105717977
Stillingsbrøk: 100%
Heltid, Engasjement
Startdato: 01.11.2019
Sluttdato: 30.06.2022
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.09.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4105717977&company_id=3061986477&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.