Miljøterapeut (100% fast) i Bu- og avlastingstenesta
Kort om stillinga
Eininga bu- og avlastningstenesta består av bufellesskap og avlastningstenester.
Vi søkjer no etter miljøterapeut, til eit av bufellesskapa. Dette bufellesskapet har 4 brukarar.
Stillinga er ei 100% fast stilling med arbeid kvar 4. helg og langvakter.
Arbeidsoppgåver
Koordinering av tenester til brukar
Rettleiing til brukarane
Målretta miljøarbeid
Medisinhandtering
Utarbeiding av tiltaksplanar og prosedyrer
Individuelle planar for brukar
Fagleg medansvarleg for tilbodet til brukarane
Primærkontaktoppgåver
Kompetanse
Krav til 3-årig høgare utdanning, primært vernepleie
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming og autisme
Personlege eigenskapar
Ein må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
Gode samarbeidsevner er viktig.
Du har tydelig kommunikasjon
Du re strukturert
Du har god IKT kompetanse
Vi tilbyr
Gode pensjonsordningar
Høgt fagleg nivå med fagutviklingsplaner spesifikt for bufellesskapet og fagutviklingsplaner i heile bu- og avlastingstenestene
Rettleiing i personalgruppa
Tverrfagleg samarbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale
Anna
Start: snarleg
Krav om politiattest ved evt. tilsetting.
Krav om førarkort klasse B.
Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.