Sjukepleiar / Vernepleiar
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4452872059 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgsenter - 100 % fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar.
Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna legg me tilrette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i avdelinga. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåve og stor variasjon i behandling
- Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma
- Sjukepleiar / Vernepleiar har ansvar for medisinfaglege oppgåver
- Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva trygghet og mestring
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Personlege eigenskapar
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Initiativrik
- Har både gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Faste fagmøter for sjukepleiarane i eininga
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, Einingsleiar, 53 74 82 56
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 SVEIO
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4452872059
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.