Rektor
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Me treng rektor ved Samnanger barneskule og Samnanger ungdomsskule, og søkjer etter rektorar som gjennom engasjement, dugleik og lagånd vil vere med å leia skulen i utviklingsarbeid, der tverrfagleg samarbeid er sentralt. Skulane jobbar med tidleg innsats og inkluderande fellesskap, også i SFO. Du vil møta arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.
Me arbeider systematisk med å fremja elevane sitt læringsutbyte gjennom trivsel, motivasjon og faglege utvikling og der helsefremjande tiltak er kvardagen vår. Skulane sin visjon er: <<Ein god stad å vera, ein god stad å læra.>> Skulane skårar jamt over godt på nasjonale måleindikatorar. Skuleutvikling står sentralt i Samnanger kommune, særleg med vekt på eit godt læringsmiljø.
Skuleeigar i kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der ein jobbar målretta for å skapa gode oppvekstvilkår for elevane våre gjennom verdiane
- kvalitet - tillit - framsynt.
Heimeside barneskulen: www.minskole.no/samnanger
Heimeside ungdomsskulen: www.minskole.no/samnangerungdomsskule
Arbeidsoppgåver:
- Leia skulen i tråd med overordna mål og strategiar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Personalansvar
- Utvikla skulen som ein lærande organisasjon
- Medverka til god samhandling med tilitvalde og verneombud
Kvalifikasjonar:
- Du har relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå og solid skuleerfaring
- Relevant leiarerfaring, gjerne rektorskule og rektorerfaring
- Du kan vise til god resultatutvikling
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du er ein samlande leiar
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
- I tråd med opplæringslova stiller me krav om tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar:
- Du må vera ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Din leiarstil er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og god gjennomføringsevne
- Du er løysingsorientert og har ei pro-aktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng
Me tilbyr:
- Du møter ein skuleeigar som er tydeleg og synleg som skuleansvarleg og som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Skuleeigar tilbyr interkomunalt samarbeid i Midthordland regionen, kursdeltaking og støtte gjennom eige PPT-kontor med logoped, kommunepsykolog, helsesjukepleiar og andre samarbeidspartnar
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla befolkninga elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Bodil Øpstebø, Mobil 99270859, Epost: bodil.opstebo@samnanger.kommune.no, Tyssevegen 217
Om bedriften
Samnanger ungdomsskule
Samnanger ungdomsskule er ein MOT-skule med omlag 90 elevar. Skulen har sterkt fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål. Satsingsområde no er grøn skule, utvikling av uteområdet og forskarspiren. Samstundes vidarefører me programmering etter pilotprosjektet som har vart i tre år. Alle elevane har pc dei nyttar på skulen. AV-tavler i klasseromma gjev stor moglegheiter til variasjon i undervisninga.
Samnanger barneskule
Skulen ligg vakkert til og har nyare, funksjonelle og miljøvennlege bygg. Me har ca.210 elevar fordelt på to parallellar. Me har stort og variert uteområde. Skulen har arbeidd målretta med å vera ein leksebevisst skule. Me har eit stort og innhaldsrikt skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.